Eg har skrive ei novelle som heitar krasj. Den handlar om to peroner i byen, som kan vera meir like enn du tror.
Kan ikkje lova et det ikkje er skrivefeil...
Krasj
Ei jenta går i byen heilt aleine. Dei høg helte skorne matchar miniskjørtet ho har på. På veska står det Chanelle i sølvfarge. Hu har langt blondt hår og blå auger. Alle gutane snur seg etter ho når ho går forbi, og ho veit godt kvifor. Eit pip kjem frå veska og ho tek opp den nye iPhoneen sin. Ho ser ned i skjermen og begynner å skrive.
Ei dame leiar ein slitt sykkel langs gangstien. På sykkelen har ho ein stor plastpose med tomflasker. Ho har på seg slitte klede i sterke fargar. Skoa ho har på er slitte og utgåtte. På hovudet har ho ein svart cowboyhatt med lilla og rosa fjærer rundt. Når ho går rundt i byen snur alle seg etter ho, dei gir uhyggelige blikk eller prøver ikkje og stirra. Ho veit at dei stirrar og kviskrar, men ho berre fortsetter å gå.
Langs gangstien sit ein katt i eit bed, den mjauar til dama. Ho set støtta opp på sykkelen og lenar seg ned til katten og stryker den bak øyra. Katten begynner å male, og dama stikker handa ned i jakkelommen og tar opp eit stykke brød. Eit stykke av brødet gir ho til katten.
Jenta skal akkurat til å trykke send då ho går rett i ein sykkel som står midt på gangstien. Ho veltar sykkelen og alle flaskene i posen som heng der faller ut over gata, veska hennes detter på bakken og innhaldet faller ut. Ein katt spring vekk og inn over i bedet. Dama som er framfor sykkelen reiser seg og går bort og hjelper jenta opp. Dei setter seg begge ned på huk og legger flaskene tilbake i posen. Jenta skundar seg med og leggja flaskene i pose og rydde opp i veska. Før ho reiste seg opp og fortsetter å gå.
Jenta går raskare no. Ho er litt raud i ansiktet og ser ned i bakke. Folk snudde seg og såg på ho no også, men det var annleis denne gangen. Dama står igjen og såg på jenta når ho småspring den andre vegen. Ho smilar litt for seg sjølv når ho ser kombinasjonen høge helar, miniskjørt og eit skrubbsår på kneet. Så tar ho sykkelen sin og fortsettar den vegen ho kom frå.
På eit toalett sår jenta og reinsar skrubbsåret sitt med eit stykke papir og vatn. På veg ut leitar ho gjennom veska si, ho tar opp ei lommebok som ikkje er hennes. Lommeboka er svart akkurat som hennes eigen. Den må jo tilhøyra dama med sykkelen. Vis eg har lommeboka til dama på sykkelen, så må ho ha lommeboka mi, tenkar jenta for seg sjølv. Kanskje ho har stjåle lommeboka mi?
På ein benk i parken sit dama med sykkelen sin lent inntil eit tre. Då ho stikk handa si i lommen tek ho fram ei lomebok, den er svart og avlang. Denne lommeboka tilhøyrar ikkje ho sjølv, men ei jente. Dama får litt panikk, då ho oppdagar at ho ikkje har si eiga lommebok. Ho forstår at dei må ha bytta lommebok i kaoset med veska og flaskene. Ho går tilbake same veg som ho kom frå i håp om å finne jenta igjen.
Jenta går i retning der ho såg at dama gikk. Ho må ha pengar for og komma seg heim med bussen. Jenta har ikkje opna lommeboka ho fant i veska si, men sidan dama ser ut som ho gjer så antar ho at det ikkje er så mykje og finna. Ho tar små og raske steg. Når ho nærmar seg plassen dei krasja går ho saktare men det er ingen der. Jenta set seg ned på ein benk fem-seks meter lenger bort. Under benken kjem det ein katt fram. Katten begynner å stryke seg mot beina hennes og malar høgt.
Langs gangstien går dama med sykkelen sin. Ho verker ganske fornøyd der ho går. Det alt for lange knall blå skjørtet hun hadde på seg, svaia lett i vinden. Lenger borte satt det ein skikkelse på ein benk. Det var ei jente med langt blondt hår.
Der borte såg jenta at ho kom bortover. Ho kjente igjen alle dei sterke fargane med ein gong. Katten spring bort mot dama og dei tar følgje bort til jenta som sit på benken. Dama gir jenta lommeboka, og jenta gir ho lommeboka hennes. Dei vekslar ikkje eit ord. Dama opnar lommeboka si og jenta ser alle pengane ho har. Det var fleire tusenlappar og femhundrelappar. Ho blei heilt taus og stirra uforståeleg på dama. Då tok dama ein tusenlapp og gav til jenta. Når jenta tok imot lappen sa dama tusen takk. Så jekk ho sin veg. Jenta vart sittande igjen på benken med ein tusenlapp i handa og stirre ut i lause lufta.


